Forskjellig

Dagbok fra Melsomkyra

Våren står for døra

Våren og hausten er to årstider fulle av energi. På kvar sin måte. Her i sørlegare strøk av vårt langstrakte land kjem våren nå med sjumilssteg.

Tekst og foto:
Kari Lise J. Dybo

Mjølkeprodusent

kari.dybo@gmail.com

Vårlege tegn

Snoen har når eg skriv dette teke retrett og forlatt jordene. Men frammarsjen har stoppa opp. At snoen er vekk betyr ikkje nødvendigvis at veksten er i gang. For varmen let vente på seg. Sola lovar, og vinden bremsar. Trass i kjølege forhold ser haustkorn og gras lovande ut.

Jorda må takast vare på

Skal jorda gje må den takast vare på. Naturens luner får me ikkje gjort så mykje med. Men det er mykje me kan gjere for å legge til rette for gode vekstvilkår. Her er gode forhold for dyrking av ulike vekster; korn, fôrmais til kyrne, raps, brekkbønner og så vidare.

Jordekantar blir rydda. Skog heilt inntil jordet vil ofte krabbe innpå. Resultatet blir at jordet blir mindre år for år. Ikkje bare blir jordet mindre, men skogen stjel næringa som skulle ha gjenge til veksten ein dyrkar. Ein får ikkje så mykje att for kunstgjødsla ein hadde utpå når trea forsyner seg grovt. Drenering og opprensking av avskjeringsgrøfter er òg på agendaen. I fjor drenerte me noken av skiftene og me er spente på årets sesong.

Gjødselplan blir sett opp i henhold til jordprøver og type vekst. Noken av jordene treng kalking. Egentleg fleir enn ein kan sjå seg råd til, men år for år blir det bedre. Det er ein fryd når ein ser plogen velte opp næringsrike pløgsler heilt ut i kanten.

Våren er meir enn kvitveis. Meir enn iøyenfallande skjønnhet og ynde. Meir enn håp om late sommordagar.

Våren er råhet, kraft, ein maktdemonstrasjon.

Våren er ein påminnelse om detaljanes viktighet. Ein påminnelse om vår egen uviktighet. Ein påminnelse om den uanseelege sin livsvilje. Den uanseelege sin ufortrødande urokkelege jamne innsats.

Før den landar i rolegare sommordagar. Godt fornøgd med innsatsen. Innsatsen for å føre livet vidare. Evnen til å ta sin plass. Akkurat den plassen som heilheten har skapt.

I alt ein driv med er planar for neste år like viktige som planen for i dag. Langsiktige mål legg føringar for dagens plan, og dagens plan legg føringar for det langsiktige målet, og så justerar ein undervegs. Så som vedlikehald og klargjering av redskap og maskiner. Det er òg ein del av planlegginga.

Bygge ein kjøttfebesetning

Samarbeid

For å tilpasse oss ulike type endringar prøvar me no noke nytt. Fram til 1.januar 2023 leigde me noke kvote. Då 10-årskontrakta var ute ville eigaren selge kvota, forståelegt nok. Dette visste me, me har hatt god dialog med eigaren heile vegen. Me fekk kjøpt 60 prosent av kvota hans. Så den kjøpte me. Nå fekk me ledig plass i fjoset. Så i 2020 tok me vare på tre halvkrysningar av NRF og Charolais. I tillegg kjøpte me fire charolais-kviger. Me var i gang med å bygge opp ei kjøttfèbesetning. Stut kjøpte me òg. Denne besetninga er i år blitt til 15 kyr som skal kalve. Snart er dei ferdig med å kalve. Det er kun att to. For å kunne konsentrere oss om ammekyrne valgte me å ikkje inseminere mjølkekyrne i den perioden ammekyrne gjekk med stut. Då me har sinkyrbingen rett ved kalvingsbingen flytta me ammekyrne ditt. Det har fungera som tenkt. Lett å fylgje med på, lett å flyte inn i kalvingsbingen. Men det er ikkje rom for å ha alle ammekyrne i kalvingsbingen. Når me såg at mor og kalv hadde funne kvarandre slapp me dei tilbake i sinkyrbingen. Her hadde me strødd opp med halm inn mot veggen og i midten av dobbeltrekka. Kalvane fann fort sin plass. Neste skritt nå er å finne ut kven me vil ha med oss vidare. Det er andre kriterier som gjeld for ammekyrne i forhold til mjølkekyrne. Det er ei som har vist tendens til å vere aggressiv. Slike vil me ikkje ha. Ei har skjedeframfall. Det vil me heller ikkje ha (det gjeld òg NRF). Me har same stuten i to år. Har kjøpt ny stut og det å blir spennande å sjå kven som blir drektige i år.

«Det er ein fryd når ein ser plogen velte opp næringsrike pløgsler heilt ut i kanten.»

Årets ammekyr-prosjekt har òg ein anen dimensjon. For å kunne konsentrere oss om ammekyrne inseminerte me som sagt ikkje mjølkekyrne i perioden ammekyrne gjekk med stut. Dermed kalva ikkje mjølkekyrne frå midten av februar og to månadar fram. Insemineringa starta oppatt i juli. Kyrne tok seg greit i sommor som var. Dermed er det godt med kalvingar framover. Det passar fint med tanke på sommormjølka.

Pompel og pilt

Tilknytning

Kyrne er ikkje alltid så flinke til å passe tida. Dei gjev blanke i å melde tidspunkt for kalving. Sjølv om me har insemineringsdatoen. Skulle gjerne hatt dag og klokkeslett, samt eventuelle utfordringar. 3613 Meline overraska oss med to kolla kviger sju dagar før tida. Tvillingfødslar kan fort by på ulike utfordringar. Så som feilstillingar, svake og/eller små kalvar. Men her var det ein heilt ukomplisera kalving, og kalvane var kjapt på føtane. To livlege frøknar som forstod kvar maten kom ifrå. Dei fekk navna Pompel og Pilt. Dermed var mjølkekyrne i gang med kalvinga att.

Elevar i fjoset

Som fortalt forrige gong så er me forpakterar. Garden er ein vidaregånde skule med blant ana naturbrukslinje. Me er praksisvertar og har elevane i fjoset. Tre formiddagar i veka er det eit parti elevar med. Dette er givande og lærerikt for båe partar. Elevane stiller spørsmål som gjer at me ei gong til må tenke over kvifor me gjer som me gjer.

I tillegg til kyrne har me 20 vinterfôra sauer. Skulen hadde behov for fleire læringsarenaer enn kun storfè, så opp kom det eit bygg og me kjøpte sau, samt 20 høner. I sauehuset brekar det høgdrektige søyer. Nyklypte og trillande runde. Scanna er dei òg. Men scanninga på sauene stemmer ikkje alltid.

Søye nummer ni overraska oss med firlingar. Som hos kyrne blir ofte lamma noke mindre enn gjennomsnittet når det blir fleirlingar. Eller svake. Men desse fire hadde god størrelse. Alle låg rundt fire kilo. Det er ikkje gitt at mor har mat til fire stykk, så for å vere på den sikre sida blir dei tilbydd ei flaske mjølk eit par gonger om dagen. Foreløpig ser det ut til at mor har nok mjølk, for lamma er ikkje interessera. Elevane har lammevakter, sjavsagt med oss som hovudansvarlege. Ivrige og interessera spring dei innom sauene og hjelper til om det behøvast. Ansvar fører til læring. Dei blir etterkvart ganske så trygge på å tolke situasjonen.

Våronna ei hektisk tid

Når våren er kald kjem ofte varmen med eit smell, og alt skyter fart på ei gong. Dermed blir våronna ei meir hektisk tid enn håpa. Gjødsla skal ut. Jorda skal vendast. Og nye grøder skal såast. Haustkorn skyt i været, og beita veks nesten ifrå oss. Skal me sleppe å gå med ryddesaga og få utnytta kruttet som er i nytt gras er det fint å få dyra ut fortast moglegt. Før me sleppper dyra på beite set me dei i ein treningsgarde utafor fjoset. Me har hatt litt ulik tilnærming til den treninga. For noken år si sa eg at «..eg spring ikkje etter dyr!» Dermed blei me etterkvart enige om ei løysing med lettgrindar i ein halvmåne, og straumtråd på siste sida. Det har fungera så fint. I tillegg til at me har fenge ein fin kalvehage. Den har til nå vore noke provisorisk, men i år håpar me å få til ei skikkeleg løysing med tre veggar, tak og støypt golv.

Alt me gjer er eit forsøk på å tilpasse oss dei biologiske prosessane me er ein del av. Naturens forunderlege kraft er eit mektig skue.